Andakt jula 2020

"Gud kjem til jorda vår som eit lite barn, og kanskje er det nettopp fordi Gud veit kva det er å være liten, at Gud også veit kva oppgjer med øydeleggande krefter er." Biskop Solveigs juleandakt lyser av håp i mørketida.

Rekonstuert altertavle frå St. Petri (gamle Tingelstad kirke). Foto: Mårten Teigen, kulturhistorisk museum

Har du nokon gong sett lyset frå eit nyfødd lite menneskebarn? Sett lyset i augene og spedbarnets jamne hjarteslag? Har du kjent korleis  ditt eige  hjarte bankar  av kjærleik og korleis  det vesle barnet rører ved deg berre ved at det er  til? Du har kanskje også opplevd korleis  møtet med den vesle gir retning, for ein håpsveg inn mot framtida.

Det siste året har vore, og er prega av Covid-19. Mange har kjent på uro, ja også redsle og angst for dagen i dag, og for  morgondagen. Alle lurer vi på korleis  framtida vil bli.

Det har vore vanskeleg  å halde avstand. Særleg krevjande har det vore  for dei som har vore  på sjukehus og ulike helseinstitusjonar, og deira nærståande. Det å ikkje kunne  gå på besøk eller ta imot besøk gir ei kjensle av einsemd og sorg.

Kvardagen  med covid-19 viser oss kor samansett livet er. Vi har fått ei  djup erfaring og må sanna at vår felles ståstad er at livet er sårbart

Eg  tenkte på dette då det var kyrkjejubileum  i Tingelstad gamle kyrkje, St Petri no i sommar. Der er det ein kopi av det gamle altarfrontalet, med Himmeldronninga. Maria med krone og barnet i hendene. Barnet stryk si mor varsamt på kinnet og seier på denne måten at Gud kom med nåde og kjærleik.

Frå Maria på altarfrontalet i St Petri, dirrer sangen om tru, mot og klårleik på Guds vilje om rett og rettferd. Når alle har same Skapar og opphav så har vi også eit  medansvar for kvarandre, i det nære men også ute i verda.

Å følgje etter det lille barnet som vi feirer i jula, er å våge å gå inn i nye og ukjende landskap, ut fra evangeliets grensesprengande kraft til å åpne livets kjelder og framtidshåp for alle menneske.

Gud kjem til jorda vår som eit lite barn, og kanskje er det nettopp fordi Gud veit kva det er å være liten, at Gud også veit kva oppgjer med øydeleggande krefter er.
Saman  med menneske  over heile jorda, høyrer vi, og lever vi, i juletonen som har ein klangbotn  av eksistensiell einsemd. Lindringa kjem  som glimt av å høyre til i noko som er stort, større enn oss sjølve.

Vi anar, kjenner att og trur på Jesusbarnets livgjevande og trøystefulle nærvær midt mellom oss. Kristi kjærleiks  lys held oss fast, i sanning  og håp for livet her og i alle æve.  Saman  med folk over heile verda syng vi difor om fred på jorda, om barnet som er fødd  og lyset frå håpet som er gjeve oss.

Velsigna julehøgtid til dykk alle!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"